Ny med kasjmirgeit?

Mange ynskjer å starta med kasjmirgeit, og treng kunnskap om denne forma for geitehald. Men det er vanskeleg å finna fram til aktuell informasjon. Så difor prøver vi med ein enkel oversikt her på Njøsagarden Kvaole si heimesida. Erfaringane er hausta inn gjenom etterkvart mange års gardsdrift med sauehald, geitmjølkproduksjon og no 12 år med kasjmirgeit.

KVIFOR KASJMIRGEIT?

Viktig å tenkja gjennom kva som er føremålet ditt. Er det eit lausleg eksperiment? Vil du berre ha nokre få dyr som hobby? Er du ein sjølvbergar? Treng du geitene for å stella kulturlandskapet på eigen gard? Kan geitehaldet verta økonomisk viktig for gardsdrifta, kombinert med andre produksjonar eller som hovudproduksjon?

PLANLEGGJING

Bruk god tid på planleggjing. Skaff deg oversikt over tilgjengeleg areal til fordyrking og beite. Korleis er det med gjerdehald og driftsbygning; er tilstanden ok, eller må du i gang med store investeringar? Har du kunnskap om det geitehaldet du vil starta opp? Tenk og over kor stor flokk du ynskjer å ha, og korleis du vil selja produkta frå geitehaldet ditt. Ta kontakt med erfarne produsentar tidleg i planprosessen.

INNKJØP AV LIVDYR

Når du har funne ut at kasjmirgeit er det rette for deg, kan du kontakta aktuelle livdyrseljarar for bestilling av dyr. Du må kjøpa inn berre dyr med godkjend helsestatus, det vil sei frå buskapar som har delteke i geitehelseprosjektet Friskare geiter. Seljarbuskapen bør og vera aktiv i Ammegeitkontrollen, då får du god oversikt over stamtavla til dyra dine. Kjøp helst dyr frå berre ein seljar, om det er praktisk mogeleg.

Kasjmirgeiter er flokkdyr, som andre geiter, og dei trivast best fleire i lag. Dette gjeld både hodyr og hanndyr! Geiter kan og verta sky når dei vert flytte til ny eigar. Pass difor godt på dyra i starten, og ikkje slepp dei ut før dei er trygge på nye folk og ny fjøs.

 

HUS TIL GEIT

Kasjmirgeiter treng vinterhus! Så fjøs må du ha til dyra dine. Den treng ikkje vera avasnsert og dyr. Ein fjøs skal først og fremst vera tenleg for dei dyra som skal bu der, og for dei folka som skal arbeida der. Det er sterk rangorden i ein geiteflokk, så dyra treng stor plass, gjerne 2 kvadratmeter pr dyr. Og så må alle ha eteplass. Hjå oss står dyra fast når dei et, då vert ingen jaga vekk, alle får eta. Reint drikkevatn er viktig. Hugs på skikkeleg oppstalling av bukkane! Det er veldig bra om dyra kan gå ut og inn av fjøsen på dagtid. Med mildver og regn vert det fort opptrakka og skite rundt inngangen. Same problem oppstår ved uteforing. Godt drenert og grusa underlag kan hjelpa. Det er og prøvd grov flis på slikt uteareal.

FORING OG STELL

Vi brukar høy, silo og rundball som hovudfor, og litt kraftfor i tillegg. Saltstein og minerlnæring. Foring to ganger om dagen. Ved foring inne i skikkeleg forbrett vert det svært lite søling og sløsing med grovforet. Om vinteren køyrer vi heim skog til geitene. Geitene et knoppar og smågreiner, og dei gneg av borken på resten av treet.

BEITE

Kasjmirgeiter et det meste, og dei treng god tilgang på beite. Om du startar med geiter på eit overgrodd gardsbruk, så er det veldig frodig dei første åra. Men så minkar tilveksten, og du må utvida beitearealet. Geitene bør ikkje gå på same arealet heile beitesesongen. Beitet må delast opp så du får flytta flokken fleire gonger. Lag eit system for skiftebeiting. Om geitene går meir enn 3-4 veker på same arealet vert dei urolege, og byrjar å testa gjerdehaldet ditt! Geiter likar ikkje å snaugnaga beitevekstane, så ta omsyn til det.

Gode livdplassar er viktig. Berghamrar og naturlege hellerar er populære gøymestader. Store bartre gjev godt vern mot regn, men geiter kan sjølvsagt ta livet av slikt vern når dei gneg borken av dei! I permanente beiteområde ken det vera lurt å byggja leskur til dyra, hugs då på reingjering i botnen

GJERDE

Kasjmirgeita er som andre geiter, ho treng gode gjerde. For oss er eit geitegjerde utan straumførande trådar ikkje noko geitegjerde............. For permanente gjerde brukar vi to typar: Vanleg nettinggjerde i god stand, kombinert med ein straumtråd på "geitesida" av gjerdet, omlag 20 cm frå nettinggjerdet og omlag 30 cm over bakken. Dette hindrar geita i å krypa under og klatra i nettingen. Permanent straumgjerde med 4 (eller 5) trådar; 20,40,60 og 90 cm over bakken. Viktig å følgja bakken nøye så geitene ikkje kryp under. Bruk ståltråd berekna på permanente gjerde, det gjev best resultat.  På stader der det ikkje høver med permanent gjerde brukar vi flyttbare straumnett.

PRODUKT FRÅ KASJMIRGEITA

Norsk Kasjmirgeit vert først og fremst nytta som ammegeit. det vil sei at killingane går med mora og syg mjelk i 5-6 månader. Men det er sjølvsagt fullt mogeleg å halda ho som mjelkegeit for dei som vil laga ost. Hovudprodukta er kjøt frå både killingar, ung-geiter / kastratar, gamle geiter og utrangerte avslbukkar. Nytta på rette måten er det prima råvare alt saman. Men alt kjøt endrar struktur og smak med stigande alder på dyret. Det same gjeld for koke- og steiketid, så hald dei ulike typan skilde frå kvarandre i kjøtdisken din! Du får og flotte skinn i alle fargekombinasjonar, finfibra og mjuk kasjmirull, og horn i mange variantar.

OMSETNADSKANALAR

Startar du med kasjmirgeit kan du ikkje rekna med å møta eit ferdiglaga omsetnadssystem for produkta dine. Dei fleste slakteri tek i mot det du har av slaktedyr. Men prisane er svært låge. For skinn og ull er det ikkje noko mottak. Om du ynskjer å gjera geitehaldet ditt til ei næring, bør du nok vera innstilt på å vera din eigen marknadsaktør. Åleina eller saman med andre. Her finst mange utvegar, og få av dei er prøvde.

TILSKOTSORDNINGAR

Om du er eigar av eit gardsbruk, og har eit organisasjonsnr, kan du søka tilskot innafor ordningane i Jordbruksavtalen. Meir info finst på Landbruksdirektoratet sine sider. Dei viktigaste ordningane: Areal- og kulturlandskapstilskot, beitetilskot, husdyrtilskot, tilskot til killingslakt, avløysarordninga. Gjennom offentleg godkjende slakteri får du utbetalt grunntilskot (likt for heile landet) og distriktstilskot (varierer etter kvar du bur), eit pristilskot pr kg levert slakt både av vaksne og killingar. Det finst investeringsstøtte gjennom Inovasjon Norge, fylkesvise og kommunale miljtilskot m.m.

HUSDYRKONTROLL OG HELSEPROGRAM

Ammegeitkontrollen er nyttig for å halda styr på slektskap mellom dyr, produksjonen til dyra m.m. Fram til no har prosjektet Friskare Geiter vore ei drivkraft for å sanera vekk tre smittsame sjukdomar frå norsk geitehald. No framover vert oppfølgjing og vedlikehald av den innsatsen viktig, og styrt av Helsetenesta for geit.

KRAV OG GODKJENNING

Du treng ikkje søka om løyve for  å starta med kasjmirgeit. Men Mattilsynet vil ha melding om oppstart med alt av husdyrhald. Og så treng du sjølvsagt kunnskap om geitehald. Det vert no arbeidd med nye forskrifter om dyrehelse. Når dei vert vedtekne, kjem truleg andre reglar for livdyrhandel, krav til kunnskap m.m.

ORGANISERING

Norsk Kasjmirlag er rette stade for alle med interesse for kasjmirgeit. Her får du treffa likesinna, henta inspirasjon, utveksla erfaring og kunnskap. Og du kan reklamera for eigne produkt frå ditt eige geitehald!