Geitene

Geitehaldet strata opp i 2003, med 30 innkjøpte kasjmirgeiter. No har vi omlag 55 vinterfora dyr. Føremålet er produksjon og sal av kjøt, skinn og ull, spesialisert landskapspleie og forbetring av eigne sauebeite.

Norsk Kasjmirgeit er ein fersk geiterase i landet. Det starta med import av livdyr frå New Zealand midt på 1990-talet. Etter ei viss karantenetid vart avkoma etter importdyra spreidde utover i landet. Nokre dyr vart kryssa med mjølkegeit på landbrukshøgskulen. Seinare er det importert sæd frå Skottland og England. Med eit så mangfaldig genetisk utgangspunkt, får vi og stor variasjon i utsjånad og brukseigenskapar. Dei mange alarane rundt om i landet legg og vekt på ulike eigenskapar når dei vel avsldyr. Vi satsar på dyr med godt eksteriør, god beinstilling og jurform, god kjøtsetnad, godt lynne, høveleg mjølkeproduksjon, og fargerike dyr med tett skinnfell og god botnull.

Vår form for geitehald er eit typisk ammegeithald. Det vil sei at killingane går med mora frå fødsel til fråvenjing når dei er omlag 5 - 6  månader. Hjå oss vert killingane  fødde i mai. Dei har såleis tilgang på ein variert beitemeny utover vekstsesongen, i tillegg til geitamjølk frå si eigi mor. Ei slik driftsform gjev særs god kjøtkvalitet. Vi er opptekne av å ta vare på denne kvaliteten ved å slakta killingane rett frå beite.

Bukkekillingar er tidleg kjønsmogne. Dei kan vera paringsklare når dei er 3 1/2 månader gamle. Vi ynskjer at alle killingane skal kunna følgja geiteflokken gjennom heile beitesesongen. Difor kastrerer vi alle bukkekillingane som ikkje skal nyttast i avlen ved 2-3 vekers alder. Kastreringa vert utførd av veterinær. Same metode som for kattar: Testiklane vert fjerna ved eit enkelt inngrep, sjølvsagt under heilbedøving.

Geitene har full inneforing frå tidleg november til tidleg mai. På dagtid kan dei gå ut og inn av fjøsen som dei vil. Ute får dei servert skog av ymse slag. Så lenge det ligg snø på marka, går dei ikkje så langt. Men så fort snøen er vekke, streifar dei over området på jakt etter godsaker. Tilgjengeleg areal er på denne tida stort sett dyrka mark. Frå tidleg april og utover forsyner dei seg av det som finst av grøne spirer. Sidan geitene kan gå ute heile inneforingstida, får dei ein veldig god overgang til beiteperioden.

Etter kjeing er det viktig å kontrollera dagleg at killingane tømer juret skikkeleg, og at dei syg jamnt på begge sider. Om det ikkje vert gjort, endar det med mjelkesprengd jur og såre spenar. Juret kan i verste fall verta øydelagd. Beste måten å unngå dette på, er å mjelka vekk overskotsmjelka til killingane greier jobben sjølve. Slik mjelk, både frå råmjelkperioden og seinare, er sjølvsagt prima råvare i eige hushald.

 

Klauvstell er viktig. Dårleg stelte klauver gjev geita ei dårleg beinstilling, og dei kan medføra sjukdom og lidingar for geita.  Det vert nytta både kniv og tang. Vi gjer dette arbeidet tre gonger for året: Ved innset i november, tidleg i mars, og ved flytting på sommarbeite i mai / juni. På den måten held vi klauvveksten under kontroll, og vi sjekkar samstundes at geita har friske føter. Vi nyttar ein spesiell kniv med heller kort og tunt blad.Arbeidet går lettast når klauvene er mjuke. Då er det og minst ubehageleg for geita.

 

Helsetilstanden på flokken er generelt god. Men av og til dukkar det sjølvsagt opp sjukdom. Då er dyrlegen på plass, som oftast med godt resultat. Vi praktiserer førebyggjande behandling mot innvollssnyltarar av både vaksne og killingar to gonger for året: Tidleg sommar og ved innsetjing om hausten. Resultata frå avføringsprøvar tilseier at det ikkje er naudsynt med behandling mot koksidiose. Nokre gonger har geitene fått lus. Det vert då behandla mot det. Vi har ingen faste vaksinasjonsprogram. Buskapen har vore med i helseprogrammet Friskare geiter sidan 2006.

Ammegeitkontrollen er nyttig for å registrera avdrott og slekt. Ved avlsarbeid og livdyrhandel er det heilt avgjerande med kontroll på slektskap. Flokken vår er no registrert heilt frå starten i 2003 og fram til i dag.

Inne forar vi geitene med silo, høy og litt kraftfor. Vi forar to gonger for dagen. Det er fri tilgang på saltstein og mineral / vitaminblokk inne i fjøsen. Geitene stå fast når dei et, slik at alle får eta.

Geitefjøsen er bygd som eit tilbygg på sauefjøsen i 2002. Isolert med grunn gjødselgrop og strekkmetall i golvet. Det er forbrett i midten, med bingeareal som ein hestesko rundt. Dei vaksne geitene går fritt på dette arealet. Påsettet har fått eigen plass i eit anna rom.

Geitene går drektige i omlag 5 månader. Hjå oss er det paring i desember og kjeing i mai. Vi brukar både bukkekillingar og vaksne bukkar i avlen. Men vaksne geiter vil ikkje alltid akseptera ein bukkekilling som paringskandidat. Dei kan finna på å skada stakkaren. Så difor er det viktig å ha vaksen bukk i tillegg. For å halda kontroll med slektslinjene, praktiserer vi styrt paring. Før paringssesongen set vi opp lister for kva for ei geit som skal parast med kva for ein bukk. Brunstkontroll to gonger dagleg.

For å unngå innkjøp av nye bukkar, inseminer vi ein del av geiteflokken kvart år. Sidan 2012 har vi inseminert 10 geiter årleg. Tilslagsprosenten (kor mange geiter som vert drektige etter inseminering) har variert mellom 40 og 90 %, med ein medel på 70%. Eit vellukka resultat krev god brunstkontroll og inseminering til rett tid! Geiter kan ha veldig synkronisert brunst. Halve flokken kan vera brunstige på same tid. På ein slik dag er fjøsen prega av brølande, burande og kranglete geiter. Det kan ofte vera vanskeleg å sjå kva tid dei kjem i brunst i ein slik periode.

Du treng kurs i inseminering av geit for å få løyve til å inseminera sjøl. NSG arrangerer slike kurs årleg. Bukkesæd vert levert med to strå pr dose. Desse kan leggjast inn på same tid, eller som tilrådd; i to omgangar. Vi legg dei inn med omlag 4-5 timar mellom første og andre innlegg. Ver obs på at geiter kan ha veldig kort brunst. Og då stemmer ikkje NSG sine tilrådingar for insemineringstidspunkt.

Geitene vert ikkje para første hausten, vi ventar til dei er halvtanna år. Med eit slikt opplegg treng dei ikkje så sterk foring dei to første vintrane. Det høver og godt inn i beiteopplegget vårt.

Dei bukkekillingane som skal brukast i avlen,  vert tekne frå mora og resten av flokken tidleg i august. Dette for å unngå villparing og killingar i februar. Vi har dei då på beite heime ved fjøsen, slik at vi kan få temja dei. Her kan dei og få tilleggsfor ( høy og litt kraftfor), noko dei treng for å veksa betre utover hausten. Dei vaksne bukkane har vi sjølvsagt på eige beite i god avstand frå geiteflokken.

Våre kasjmirgeiter er fruktbare, og får frå ein til fem killingar. (Heldigvis berre ein gong femlingar!) I snitt får dei tvillingar. Det er lite tap; omlag to for året i snitt. Medel haustvekt er 20 - 22 kg, og medel slaktevekt er 9 - 10 kg. Biletet under syner den til no einaste femlingegeita vår!!