Innreiing i geitefjøs

Eit oversiktsbilete frå geitefjøsen. Forbrettet i midten er 90 cm breidt, og 7 m langt. To stengjefjøler på kvar side, 3,5 m lange. Det er eit bingeareal på 2 x 8 m på både sider av forbrettet Skiljet på høgre sida er no fjerna, slik at geitene går fritt. Her bur 40 vaksne geiter om vinteren. Døra i bakkant av biletet fører rett ut til beiteland. Her går geitene ut og inn på dagtid i inneforingsperioden. Tilkomst til forbrettet er i framkant av biletet. All foring skjer inne.         

Hodnegeiter krev solid og tilpassa innreeing. Særleg er etefronten viktig. Hjå oss kan geitene låsast fast i etefronten under foring. På den måten får alle eta, utan å verta jaga vekk av andre. Det er og veldig praktisk i samband med kambing, klauvskjering, vaksinering m.m. Ideen til innreiinga er henta frå gamle lærebøker om geiter, og frå besøk i eldre geitefjøsar. Systemet er og framleis nytta i nye geitefjøsar.

Systemet krev eteopningar som er smale nedst og breie oppe. Geita må løfta hovudet opp for å komma seg inn i og ut av eteopningen. Så må det vera ei stengjefjøl på tvers oppe som dekkar den breie opningen.

Det krev og ei veke tilvenjing av påsettkje om hausten, med innløfting og utløfting.

Her frå bingesida av forbrettet. Geitene står fast. Legg merke til at dei får stå normalt, dei vert ikkje pressa ned av stengjefjøla

Etefronten sett frå bingesida. Stengjefjøl i open stilling. Nokre mål:

Høgd etefront: 115 cm

Høgdeskilnad bingegolv - forbrettt: 10 cm

Breidd smal opning: 10 cm. det høver for vaksne geiter. For påsettkje om hausten høver det betre med 8 cm brei opning.

Høgd smal opning: 60 cm

Overgang frå brei smal opning til brei opning: 45 grader vinkel

Breidd brei opning: 22 cm

Høgd brei opning (inkl overgang): 30 cm

Over brei opning er det tett treverk, 25 cm høgt

 

Her er stengjefjøla i låst stilling. Legg merke til at den dekkar heile den breie opningen, inkludert overgangen. Dette er viktig for at geitene ikkje skal kunna vri seg lause.

Materialval og dimensjonar:

Det er nytta 2 toms plank som feste for dei ståande fjølane. Nede ved forbrettet er det ein stk 2 x 6, og på toppen er det ein stk 2 x 6 + ein stk 2 x 4. Borda er 3 cm tjukke og 10 cm breie, av osp. Osp skal vera minder utsett fro gnaging enn gran og fura.

I denne fjøsen er det 35 cm eteplass pr vaksen geit. Men det er eigentleg for liten plass. 45 cm gjev betre vilkår for både geit og røktar. Drektige geiter får betre plass, og røktaren får betre arbeidsvilkår under klauvskjering og kambing.

Frå forbrettet. Stengjefjøl i låst stilling. Fjøla er laga av 2 stk 1 x 6 toms bord. Grove augeskruer og låsepinn laga av sprake. Du treng ei høveleg sprakegrein med ei sidegrein i 90 grader vinkel. Spikk den flat på baksida. Må kunna pressast ned i augeskrua for å halda stengjefjøla på plass.

Bladhengsle høgre sida.

Bladhengsle venstre sida.

Og Siri-geiti, ein gong til....

Kombinert etefront og grind inn til småbukkadn.

Spesialtilpassa låsepinn!

Her er innreiing for store hodnebukkar. I paringstida står dei butne på bås. Innreiinga er sjølvdesigna! Var ingen idear å henta frå andre stader. Det næraste eg kom var innreiing for kyr.

Fronten er konstruert etter same prinsippet som hjå geitene, men med opningar tilpassa store hodn. Og kraftigare materialar som skal tola sterke bukkar.

Fronten er bygd av liggjande 1,5  x  6 toms plank. På baksida er dt ståande 2 x 4. Skrudd saman med 8 mm gjennomgåande låseskruer.

Høgd frå golv til nedste kant av eteopning: 30 cm

Breidd på smal opning: 14 cm, med skråskjering av øvste planken

Høgd på smal opning: 75 cm

Breidd på brei opning:  65 cm

Høgd på brei opning: 25 cm

 

Båsbreidd er 85 cm. Båsane er 1 m lange, med inngang frå baksida. Båsskilja er laga av 2 toms plank, og kan demonterast. Er det snille bukkar får dei gå lause frå februar til beiteslepp i slutten av april. Om ikkje, må dei stå på bås til beiteslepp, med unnatak av nokre lufteturar.

Etter at bukkane er komne på beite, vert innreiinga demontert og erstatta med 10 stk småbingar for geiter med nyfødde killingar. Sjå sida om geitefjøsbilder.